Industrikonsulenten på Osterøy |
Planarbeidet for Espevoll næringsområde godt i gang |
Eit areal på 603 da på Espevoll i Osterøy kommune er i forslag til kommuneplanen sin arealdel for 2010 – 2022 lagt ut til framtidig næringsområde. Føremålet er å legga til rette for langsiktig næringsutvikling som kan tene både kommunen og regionen. Espevoll ligg svært sentralt til ved Hannisdalslinja med lett tilkomst frå ulike stader i kommunen og med nærleik til bru er avstanden til Arna, og innfartsåra til Bergen kort. Formannskapet i Osterøy kommune vedtok i møte 13.10.10 oppstart av arbeid med områdeplan for Espevoll næringsområde, samt offentleg ettersyn av planprogram og varsling av oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale Plan Vest er engasjert som plankonsulent. Du finn aktuelle dokument og løpande informasjon om planarbeidet på deira blogg. Utbyggjar Osterøy Entreprenør har laga eiga heimeside for Espevoll Næringsområde. Osterøy kommune har starta opp planarbeid for Vesetgjelet for å kunne føre fram vatn og avløp for Espevoll næringsområde og for å få betre tilførselsveg. |
Sist oppdatert 17.12.2010 |