Kompetanseutvikling i CNC og robotnæringsmiljøet i Hordaland |
Innovasjon Norge har løyvd 3 mill kr til prosjektet Kompetanseutvikling i CNC og robotnæringsmiljøet i Hordaland. Hordaland fylkeskommune og Regionalt næringsfond for Osterfjord følgjer opp med ytterlegare kr 250.000 kvar. Høgskolen i Bergen vil utvikle ein bachelor og etterkvart også ein master i CNC og robot. Tilsvarande vil Bergen tekniske fagskole utvikle eit fagteknikartilbod. Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule vil utvikle etter- og vidareutdanningstilbod. Og alle er interesserte i å gjere dette i samarbeid. Osterfjord Næringssamarbeid ved Industrikonsulenten på Osterøy er prosjektleiar.
|
Sist oppdatert 24.04.2015 |