Osterøyelev vann skulekonkurranse i CNC
Vinnar Morten Lone KallekleivTorsdag 26. april 2012 vart det arrangert finale i skulekonkurransen i CNC på Nordhordland Industriservice på Radøy.

I finalen var det tre deltakarar, ein 2. års TAF-elev og ein VG2-elev frå Knarvik vidaregåande skule og ein VG2-elev frå Osterøy vidaregåande skule.

Elevane fekk utlevert oppgåva ei veke på førehand slik at dei kunne trena fram mot konkurransen.

På konkurransedagen fekk elevane utlevert ei ny teikning der ein del mål var endra i høve til øvingsoppgåva.
Ut frå denne teikninga måtte dei programmera og produsera ein del i maskina.Dei fekk 5 timar på seg til å levera ferdig produsert del, og hovudfokuset var å produsera rett del innafor tildelt tid.

Resultatet vart vurdert av to dommarar, ein frå Nordhordland Industriservice AS og ein frå Modell Prototyping Maskinering AS.

Premieutdeling_cnc_2012Fredag ettermiddag var det premieutdeling på Nordhordland Industriservice.Alle tre kandidatane hadde gjort ein flott innsats. Men suveren vinnar av konkurransen vart Morten Lone Kallekleiv frå VG2 Industriteknologi på Osterøy vidaregåande skule.

Hovedpremien som alle dei tre finalistane fekk, var eit tre dagars kurs på Kongsberg Technology Training Centre AS (K-tech) på Kongsberg. Reise, opphald og kurs er sponsa fullt ut av K-tech og bransjeorganisasjonen Norsk Industri.
Dessutan hadde mange leverandørar stilt opp med flotte premiar til alle tre kandidatane.

Både kandidatane, skulane og bedriftene som er med på å arrangera slike konkurransar ser det som viktig og verdifullt å delta i slike konkurransar.

Elevane får god trening i å vera nøyaktige og arbeida under tidspress. Vi oppfordrar difor fleire skular til å senda kandidatar til neste års konkurranse !

Sjå også desse lenkene:

http://www.strilen.no/nyhetsarkiv/sikrar-seg-jobb-for-framtida/

http://www.nhil.no/index.php/kompetanseprosjektet/konkurransar-innan-yrkesfag

 

 

Sist oppdatert 09.05.2012