Industrimekanikarkonkurranse 3. mai 2012 |
Torsdag 3. mai arrangerte Nordhordland Handverk - og Industrilag i samarbeid med Osterøy Industrilag, Bergen Engines AS og dei tre vidaregåande skulane i Nordhordland meisterskap i industrimekanikarfaget hjå Bergen Engines AS (Rolls Royce) på Hordvikneset.
Deltakarane skulle byte lager, sette på ein ny flens og lage ei kobling på ein elektromotor. I tillegg skulle ei dieselpumpe demonterast, her skulle det bytast o-ringar og pakningar og skru motoren saman igjen.
Vinnaren vart Emil Veland Aastum frå Knarvik vgs. (i midten på bildet), Joakim Rød frå Osterøy vgs. kom på andre plass, og på tredje plass kom Tina Solberg Pedersen frå Austrheim vgs.
|
Sist oppdatert 09.05.2012 |