Industrikonsulenten på Osterøy |
Ostring vann Nordhordlandsmeisterskapen i elektrofag Vg1 |
Torsdag 20. mai 2010 vart det arrangert konkurranse i elektrofag hjå Mongstad Elektro. 1.plassen på Vg1 gjekk til Ørjan Myrtvedt Kallekleiv frå Osterøy vidaregåande skule, og Martin Andreas Fosse Jakobsen frå Knarvik vidaregåande vann konkurransen for Vg2- elevane. Dette var den fjerde konkurransen som vart arrangert innan ulike yrkesfag i Nordhordland seier Vivian Kårbø Kompetansekoordinator i Nordhordland Handverk – og Industrilag. Konkurransane har vore eit samarbeid mellom dei vidaregåande skulane i regionen, Nordhordland Handverk – og Industrilag (NHIL) og Osterøy Industrilag.
Mongstad Elektro stilte materiell, utstyr og fagkompetanse til disposisjon for gjennomføring av konkurransen. Elevane fekk også flott utstyr som premiar frå Mongstad Elektro. Målet med konkurransane har vore å styrka samarbeidet mellom skule og næringsliv i regionen, og å gje elevane ei utfordring innan sitt fagområde vurdert av dommarar frå næringslivet seier Kårbø. Konkurransane vil også verta arrangert neste skuleår legg ho til. Foto: Ørjan Myrtvedt Kallekleiv (vinnar) løyser den praktiske oppgåva på Vg1.
Fullstendig resultatliste : Vg1: 1. plass – Ørjan Myrtvedt Kallekleiv ( Osterøy vgs. ) 2.plass - Malik Salti Mbaruk ( Knarvik vgs. ) 3.plass – Simen Gjernes (Austrheim vgs, ) Vg2: 1.plass: Martin Andreas Fosse Jakobsen ( Knarvik vgs.) 2.plass: Stian Haugland ( Osterøy vgs. ) 3.plass: Svanhild Nævdal Thomsen ( Austrheim vgs. )
|
Sist oppdatert 25.05.2010 |