Årsmøtedeltakarane fekk komme 500 m inn i fjellet
Tunnelinnslag_gruppeÅrsmøtedeltakarane i Osterøy Industrilag 20.4.10 var svært godt nøgde med opplegget som Statens vegvesen og entreprenøren Istak hadde laga til. Osterøy Industrilag har arbeidd lenge for å få bygt ny fylkesveg mellom Hauge og Lonevåg og næringslivet har ytt 8 mill kr til prosjektet. Då var det ei stor oppleving å få komme 500 m inn i fjellet frå Haugesida.
Biletet er teke ved tunnelinnslaget i Haugedalen. Anleggsleiar for Istak, Hafsteinn Hafteinnson, orienterer.


Statens vegvesen orienterte om dei mange utfordringane dei har måtte takle for å få realisert prosjektet, m.a. omarbeiding av tidlegare planar. Det er difor godt at det no er god framdrift.

Steinmassar frå veganlegget i Lonevåg vert nytta til vegomlegging av Bysheimkleivane. Her bidreg næringslivet med 0,5 mill kr av totalkostnaden på 2,5 mill kr. Fylkesmannen tillot ikkje ny kryssing av bekken; difor vert det ein liten ekstra sving her. Den nye vegstubben vert opna i august 2010.

Istak orienterte om Phil & Søn, ei stor dansk entreprenørgruppe som dei er tilslutta. Dei fortalde også om eiga verksemd i inn og utland. Utanlandsoppdraga gir vidsyn og er no svært viktige for vidareføring av verksemda Istak. På Island er det for tida nesten heilt tørke når det gjeld entreprenøroppdrag. Island treng kapital og innlegget vart avslutta med at om årsmøtedeltakarane la nok Euro i papirkorga når møtet var slutt, ville vulkanen vere avskrudd dagen etter.

Neset_og_tunnelinnslagDet nedste biletet er teke frå Lonevågsida like ved Gunnebo Anja Industrier AS. Bruarbeidet er nettopp starta opp. Og det er rett før Istak tek til å drive 200 m av tunnelen frå Lonevågsida like ved Borge Garveri AS.

Årsmøtet gjorde attval av alle styremedlemmene og Lars Magne Bysheim held fram som formann.

Sist oppdatert 21.04.2010