Forprosjekt for mogelege nær-/fjærnvarmeanlegg og anlegg for varmeproduksjon i Osterfjordregionen

Enova har frå Energifondet innvilga 50% tilskott til Osterfjordrådet på inntil kr 300.000 til FORPROSJEKT FOR MOGELEGE NÆR/FJERNVARMEANLEGG OG ANLEGG FOR VARMEPRODUKSJON I OSTERFJORDREGIONEN Prosjektet er fullfinansiert gjennom ei løyving på kr 300.000 frå Regionalt Næringsfond for Osterfjord. Osterfjord Næringssamarbeid vil stå for den praktiske gjennomføringa. Forprosjektet skal vere fullført innan 1.10.2006.

Hovudmål:
Å ha grovprosjektert kommersielt realiserbare prosjekt for nær/fjernvarmeanlegg og anlegg for varmeproduksjon i Osterfjorden med hovudfokus på bioenergi med sikte på at prosjekta skal realiserast innan ein 3-årsperiode.

Delmål:
1. Kartlegge mogelege prosjekt og sortere ut dei som har best realiseringspotensiale.
2. Grovprosjektere prosjekt i fleire ulike kategoriar som til dømes fjernvarmenett i eitt eller fleire av kommunesentra, nærvarmenett i mindre senter eller byggefelt, varmesentral i eit større bygg og varmesentral for ei lita husklynge.
3. Auke den lokale kunnskapen om prosjektering og drifting av nær/fjernvarmeanlegg og anlegg for varmeproduksjon.
4. Få fram gode prosjekt for finansiering gjennom Enova, Bioenergiprogrammet for landbruket og/eller ”Pilotprosjekt for å utløyse ei bioenerginæring i Hordaland.”

Osterfjordregionen har bioenergi som satsingsområde. Osterfjordrådet er prosjektansvarleg for eit fylkeskommunalt finansiert prosjektet ” Pilotprosjekt for å utløyse ei bioenerginæring i Hordland.” Her er det over 3 år ei tilskottramme på 4 mill kr. Osterfjord Næringssamarbeid vil stå for gjennomføringa av pilotprosjektet/ prosjektleiing.

Osterfjordrådet vil no å sette i gang forprosjektet med Enovastøtte for å få bygd varmesentralar og nær/fjernvarmenett i regionen, m.a. ved å ha gode prosjekt for finansiering gjennom pilotprosjektet.

Kommunane har energistrategiar som gjev godt grunnlag for dette arbeidet. Når det gjeld ”energiutgreiingane”, viser dei litt mindre ambisjonar. Resultata frå forprosjektarbeidet vil kunne gje eit godt grunnlag ved neste revisjon av energiutgreiingane.

I prosjektplanen er det vist til ei rekke aktuelle område for nærare utgreiing. I prosjektplanen er det og ein oversikt over lokale aktørar på området i dag/ aktuelle aktørar for gjennomføring av det som vil vise seg å vere realiserbare tiltak. I oppstartfasen vil me arbeide litt vidare for å få fram fleire/alle aktuelle aktørar og prosjekt i regionen. Deretter vil me ha ein grov og rask gjennomgang av alle prosjekta for å finne fram til dei mest aktuelle. Dei prosjekta som vert valde ut til vidare utgreiing, skal grovprosjekterast, men likevel så detaljert at prosjekteigaren har grunnlag for å søke finansiering og grunnlag for å gjere val om dei vil realisere prosjektet eller ikkje. Prosjektet skal altså konkludere med forslag til konkrete løysingar der lønnsemd, finansieringsbehov, finansieringsmodeller og gjennomføringsevne vert vurdert. Det vert lagt vekt på at prosjektet vert gjennomført slik at kompetansen som vert utvikla, vert tilgjengeleg i regionen også etter at forprosjektet er fullført. For å få inn spisskompetanse, vil det kjøpast inn noko assistanse frå konsulentfirma med solid, praktisk røynsle på området.

Ordførar Øivind Olsnes er leiar i Osterfjordrådet i 2006.

Sist oppdatert 25.03.2010