Satsingsområde

Osteroy_Oslo Osterøy Industrilag

Industrikonsulenten på Osterøy vert dreve i regi av Osterøy Industrilag i samarbeid med Osterøy kommune. Ein viktig oppgåve for Industrikonsulenten er sekretariats- funksjonen for Industrilaget. Osterøy Industrilag stimulerer til fagleg utvikling, er engasjert i næringspolitikk og næringsutvikling og har lagt ned stor innsats for betring av vegstandarden på Osterøy. Osterøy Industrilag er aktiv deltakar i Næringsalliansen.

 

Osterfjord Næringssamarbeid

Industrikonsulenten dekkjer sekretariatsfunksjonen for Osterfjord Næringssamarbeid. Næringskonsulenten i Modalen, Vaksdal Næringsselskap AS og Industrikonsulenten på Osterøy samarbeider gjennom Osterfjord Næringssamarbeid. Osterfjord Næringssamarbeid har avtale med Hordaland fylkeskommune om å utføre næringsutviklingsarbeid i regionen. Osterfjord Næringssamarbeid er sekretariat for Regionalt Næringsfond for Osterfjord, og driv fleire fellesprosjekt for regionen.

Les meir i prosjektbasen rup.no

XD0C0495_croppet_med_tekst_500

Espevoll Næringsområde – stort og Bergensnært

Etter initiativ frå Osterøy kommune er eit større næringsareal på Espevoll, berre 6 minutt frå E16 og Osterøy- brua, under utvikling.

Området som er på 500-600 dekar, ligg godt skjerma mot omgjevnaden, samstundes som det er ope og solrikt og eignar seg godt som næringsområde. Osterøy Entre- prenør AS er utbyggjar av næringsområdet.

[ Espevoll Næringsområde ]

[ Osterøy Entreprenør AS ]

Elev_instruktor_TysseKompetansesenteret for CNC og robot

Hordaland fylkeskommune og næringslivet har gått saman om å opprette Kompetanse- senteret for CNC og robot som ei avdeling ved Osterøy VGS.

Kompetansesenteret skal vere eit regionalt og etter kvart eit nasjonalt ressurssenter for kompetanseutvikling innan fagfeltet CNC (datastyrde maskiner) og robot, og tilbyr undervisning og kompetanseutvikling for næringslivet og offentlege kundar.

Kompetansesenteret er eit positivt supple- ment til skuledrifta og bidrar til å auke kvaliteten på den ordinære undervisninga på fagfeltet ved skulen, både gjennom utvikling av eit kompetent fagmiljø og gjennom felles bruk av lokale, maskiner og utstyr.

Les meir på Osterøy vidaregåande skule sin heimeside.

Les meir om jenter innan fagfeltet CNC og robot.

Industrikonsulenten på Osterøy har arbeidd aktivt for utvikling av kompetanse- senteret og er no Osterøy Industrilag sin representant i rådet for kompetanse- senteret.

Wema_robotRobotiseringsnettverket

Osterøyindustrien har som eit klart mål å klare å hevde seg i ein global konkurranse- situasjon. Eit viktig verkemiddel er automatisering og her er mange Osterøybedrifter i fremste rekke.

Robotar er dei aller siste åra blitt vesentleg rimelegare og enklare å bruke. Fem bedrifter på Osterøy er med støtte frå Innovasjon Norge gått saman i eit nettverk. Desse bedriftene har 20 robotar i arbeid i 15 ulike robotceller. No vil dei auke kunn- skapen om og bruken av robotar med fokus på avanserte område som montering/ samanstilling og m.a. bruk av kamera.

Deltakarar i nettverket er: Tysse Mek Verksted AS, Mjøs Metallvarefabrikk AS, Gunnebo-Anja Industrier AS, Kompetansesenteret for CNC og robot og Lonevåg Beslagfabrikk AS. Industrikonsulenten på Osterøy er prosjektleiar.

Kranj_robotCNC og Robotics Partnerships, CaRPs

Osterøy Industrilag er koordinator for ein partnarskap med støtte både frå EU sitt program Leonardo da Vinci og frå Hordaland fylkeskommune. Det er 11 partnerar i fem europeiske land. Frå Noreg og Osterøy deltek også Mjøs Metallvarefabrikk AS og Kompetansesenteret for CNC og robot.

Føremålet er å utveksle erfaringar i etablering og drift av kompetansesenter innan CNC og robot i eit samspel mellom skular og næringsliv, å utvikle nokre undervisnings-modular og å legge grunnlag for elevutveksling mellom deltakarane.

Les meir i prosjektbasen rup no

Brikett_Rema_200Pilotprosjekt for å utløyse ei bioenerginæring i Hordaland

Hordaland fylkeskommune satsar for å få fart i ei bioenerginæring i Hordaland. Fylkestinget har løyvd fire mill. kr. til satsinga. Osterfjord Næringssamarbeid er operatør for programmet. Det er gitt støtte til fleire utgreiingar og nokre mindre utbyggingar samt til produksjon av trebrikettar med brukte pallar som råstoff.

Les meir på brikett.no

Les meir om programmet på prosjektbasen rup.no

Les meir om bioenergi i Hordaland og om tilskott som Fylkesmannen yter til landbruksbaserte prosjekt.

Industrikonsulenten på Osterøy arbeider aktivt for utvikling av ei bioenerginæring på Osterøy.

Sist oppdatert 07.04.2010