Nyskaping i småbedriftsmiljø

Brikettar"Nyskaping i småbedriftsmiljø" var eit prosjekt under den strategiske næringsplanen/ regionalt utviklingsprogram for Hordaland. Utviklingsarbeidet vart gjort i det aktive småbedriftsmiljøet på Osterøy i perioden 2001 til 2004 med Industrikonsulenten på Osterøy som prosjektleiar.

Prosjektet starta med eit nyskapingsseminar hausten 2001. 25 bedrifter har vore direkte involverte i delprosjekt. Til saman har vel 50 ulike bedrifter vore med på møte/delprosjekt i regi av prosjektet.

Som mål var sett at 12-15 bedrifter deltek i programmet. Me registrerer mykje nyskapingsaktivitet hjå verksemdene som har vore deltakarar. Som del av prosjektet er det gjennomført situasjonsanalyser i 11 bedrifter, m.a. ein spesialstudie av bruk av 3D DAK i møbelbransjen.
11 deltakarar frå 7 verksemder har gjennomført treningsprogram i relasjonsleiing med fokus på nyskaping.
For fleire verksemder er det utarbeidd forretningsplanar og ytt bistand i prosjektgjennomføring i samband med nye produkt/forretningsområde.
Prosjektet har assistert 8 verksemder i samband med 9 Skattefunnprosjekt.

FlammetarnFleire lokale verksemder har gått saman om å utvikle forretningsidear innan området bioenergi. Selskapet Osterøy Energi AS er starta. Selskapet er kome langt i planlegging av ein kombinert fabrikk lokalisert ved Mjelstad Restdeponi for utnytting av deponigass, produksjon av biogass med våtorganisk avfall som råstoff, produksjon av elektrisk kraft og tørking og produksjon av trebrikettar med avfallstrevirke og skogsvirke som råstoff. Det er og planlagd ein varmesentral/nærvarmeanlegg ved Osterøy Næringspark.

Mobiltoalett_SponheimDet er gjennom prosjektet arbeidd mykje med også annan miljøteknologi; knytt til vakuum toalettpumper. Mjøs Metallvarefabrikk AS har utvikla ein heilt ny generasjon vakuum toalettpumper i samarbeid med Jets AS, m.a. er introdusert ein heilt ny minimodell som allereie det første halve året etter introduksjonen i mai 2003 er levert i meir enn 300 einingar. Det er og arbeidd med reinseteknologi for svartvatn og sett i gang eit samarbeidsprosjekt for utvikling av mobile toalett.

Nordlandsforskning har evaluert prosjektet. Samandraget finn du her.[pdf
Heile rapporten "Forsking på Nyskaping i småbedriftsmiljø" (40 sider) finn du her. [pdf] eller på www.nforsk.no
Prosjektplanen/ prosjektstyret sin sluttrapport finn du her (27 sider). [pdf]

 

Sist oppdatert 30.03.2010