|
Tilhenger av lokal kvalitet |
|
Tidsskriftet "samspill" som Bergen Næringsråd gir ut, har i sitt nummer 5/2011 fokus på at "Vi trenger ungdommen". I artikkelen "Tilhenger av lokal kvalitet" vert det sett fokus på samspelet mellom næringslivet og den vidaregåande skulen på Osterøy med Kompetansesenteret for CNC og robot. Det er reportasje frå både Tysse Mek Verksted AS og skulen/kompetansesenteret. Du kan sjå artikkelen her . Og heile tidsskriftet finn du her. |
|
Sist oppdatert 20.12.2011 |
|
|
Raskare og betre veg mellom Lonevåg og omverda |
|
Det var ein stor dag for Osterøysamfunnet då fylkesordførar Tom-Christer Nilsen opna den nye fylkesveg 567 mellom Hauge og Lonevåg. Mykje folk var møtt fram og det var stor trafikk gjennom den 1550 m lange tunnelen etter opninga. Under opningsfesten takka formannen i Osterøy Industrilag, Lars Magne Bysheim, for den flotte vegen. Smal, kronglete og til tider glatt veg over Revheim har vore eit stort problem. No er dette løyst og ostringane vert knytte nærare saman. |
|
Sist oppdatert 23.11.2011 |
|
Leonardo da Vinci VETPRO opplæring innen industriroboter og automatisering |
|
En gruppe på 6 instruktører og lærere fra Osterøy Industrilag/Robotiseringsnettverket og fra Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule har fullført en ukes opplæring i Polen innen industriroboter og automatisering. Kurset foregikk i perioden 25.9. til 2.10.2011 og var i regi av PIAP i Warszawa, det ledende FoU og opplæringssenteret i Polen på dette området.
Deltagerne fikk innføring i robotteknologien og et innføringskurs i robot programmering.
Det var også lagt inn besøk ved Festo Poland Training Centre og ved treningssenteret for automatisering og robotisering ved Warsaw University of Technology. Kulturelle aktiviteter sto også på programmet. Deltagerne var godt fornøyde, ikke minst i form av å bli en godt sammensveiset gjeng innen fagfeltet.
Les mer om prosjektet i prosjektbasen www.rup.no
|
|
Sist oppdatert 23.11.2011 |
|
Betre tilkomst til næringsarealet i Kårvika |
|
Osterøy kommune har no starta arbeidet med å bygge om Kårvikskiftet slik at det no vert mogeleg å svinge med store køyretøy frå og til Lonevåg. No som den nye tunnelen mellom Lonevåg og Hauge vil kunne nyttast, er det viktig at nyttetrfikken slepp å måtte bruke gamlevegen om Revheim. Dette gjer det store næringsområdet i Kårvika meir attraktivt etter at Borge Garveri-epoken tok slutt i 2010. Det er Osterøy-firmaet Øksnes Maskin AS som utfører arbeidet.
Osterøy Industrilag har arbeidd for å få dette prosjektet realisert. |
|
Sist oppdatert 01.11.2011 |
|
Vegopning 16. november 2011 |
|
16. november 2011 vert fv 567 Hauge - Lonevåg opna. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen vil kutte snara og det skal han gjere ved tunnelinngangen til Borgotunnelen i Lonevåg. Osterøy Industrilag har lenge arbeidd for realisering av dette vegprosjektet og me ser med glede fram til opninga. Osterøynæringslivet har bidratt med ca 8 mill kr i kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift av dei omlag 240 mill kr dette veganlegget vil kome på. |
|
Sist oppdatert 29.10.2011 |
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 Neste > Siste >>
|
|
Side 1 av 2 |